Du er her: Hovudsida  >  Velkommen til nettstaden Staskassa!
 

Velkommen til nettstaden Staskassa!


Her kan du blant anna lytte til og lese eksempeltekstar og lærestoff om sjangrane dikt, forteljing, instruksjon og fagartikkel. Oppgåvene til dei forskjellige sjangrane er bonusmateriale, og finst berre på nettstaden.

På nettstaden kan du også skrive og lagre dine eigne tekstar i dei fire nemnde sjangrane og sende dei direkte til læraren din. Under menypunktet Tekstsenter kan du lese elevtekstane som læraren har valt å gjere tilgjengeleg for alle. Desse tekstane blir også synlege i ein av boksane på denne sida.
 

Dikt

Runde, rare Rulle Rusk

Runde, rare Rulle Rusk
Raspet rips på Ipsens busk.

Ipsen kom og skulle plukke
Rips til rørte rips på krukke.

Ned i krukken raspet Ipsen
Rulle som en rips blant ripsen.

Rund og rød som ripsen selv,
ble han syltet samme kveld.

av André Bjerke

> Les meir av diktet

Fagartikkel

Litt om solsystemet.

Planeter.
Planeter er store himmellegemer som går i baner rundt solen. Det finnes to typer planeter […]. Steinplaneter består for det meste av stein og har en bakke som vi kan lande på. Jorden er derfor en steinplanet, selv om det er en del vann her. Steinplanetene består av ulike typer stein tvers igjennom, men inne i midten av dem er det så varmt at steinen der kan være flytende. Gassplaneter består stort sett av gasser og har ingen bakke som vi kan lande på. Om vi forsøkte å lande på en gassplanet, ville vi først komme inn i atmosfæren. Luften ville bli tettere og tettere. Etter hvert ville luften bli så tett at det nesten ville være som å bevege seg i vann. Samtidig stiger også temperaturen, og romskipet ville smelte uten at vi hadde funnet noen overflate å lande på (...)

Knut Jørgen Røed Ødegaard

> Les meir av fagartikkelen

Forteljing

Lita som ei rosin

– Ho høyrer ikkje etter eingong, seier storebroren min når eg les for oldemora vår. – Det er berre du som trur du les så innmari fint.
Han sit og glor ut av vindauget og let som om han ikkje høyrer etter, han heller.
– Det gjer ho det, så! seier eg.
– Spør henne, då vel, seier storebror.
– Hugsar du kva eg las? spør eg oldemor. – Hugsar du at den jenta hadde funne nøkkelen til den hemmelege hagen?
– Å ja, seier oldemor.
– Du kan ikkje spørje slik, seier storebror, og no reiser han seg like godt frå plassen sin og kjem bort til senga.
– Kva heitte jenta? spør han. – Og kven var det ho leika med i hagen?
Oldemor er så lita. Så lita som ei rosin. Og når storebror snakkar slik til henne, blir ho endå mindre. Men auga blir større. Og ho skjelv litt når ho ristar på hovudet (...)
 

av Lise Männikö

> Les meir av forteljinga

Instruksjon

Blåbærpaien

I dag var eg i skogen og plukka blåbær. Då eg kom heim, fann eg ut at eg skulle overraske mamma med å bake ein herleg blåbærpai.

Eg fann fram ei skål til å blande deigen i og ei paiform. Paiforma smurde eg med margarin, og eg brukte også hundre gram margarin i deigen. Det er litt av eit griseri med den deigen, forresten. Eg måtte bruke hendene for å få blanda saman margarinen med eit par matskeier sukker og to og ein halv desiliter kveitemjøl.

Endå meir kliss blei det då eg skulle blande egget i deigen, men omsider hadde eg fått til ei hard og flott deigkule som eg pressa ut i paiforma. Det var litt vanskeleg å få deigen til å dekkje heile forma og presse han litt oppover kantane, men eg klarte det no på eit vis (...)
 

av forfattarane av Staskassa

> Les meir av instruksjonen