Mål med spelet: Det er om å gjere å forklare eit ord så presist at medspelaren klarer å gjette kva det er. Paret som samlar flest ordkort under spelet, vinn.
Slik speler de:
- To og to speler saman på lag. Begynn med å bestemme laga.
- Plasser dykk slik at dei som speler saman, ikkje sit ved sida av kvarandre.
- Stokk saman ca. 25 ordkort og plasser dei midt på bordet.
- Neste spelar etter den som delte ut, begynner.
- Trekk eitt ordkort. Vel eitt av orda på kortet, men ikkje sei det høgt!
- Kast ein terning. Dersom terningen viser 1, får du gi éi faktaopplysning, viser terningen 2, får du kome med to faktaopplysningar, osv.
- Beskriv ordet med så mange opplysningar som terningen viste. Tenk på at medspelaren din skal klare å gjette kva det er snakk om. Du må alltid seie «ups» i staden for det ordet det er snakk om.
- Dersom du gløymer deg og bruker ordet, får motspelarane ta eitt av ordkorta de har samla.
- Dersom medspelaren klarer å gjette ordet, får de behalde kortet, og turen går vidare til medspelaren.
- Dersom medspelaren ikkje klarer å gjette ordet, må du gi kortet og turen til neste spelar.
- Hald fram slik til alle korta i stokken er brukte, eller til ei bestemt tid er ute.
Eksempel:
Ordet er «kjøleskap», og du fekk 4 på terningen. Då kan du seie: «Ordet ups er eit substantiv i inkjekjønn. Ups bruker ein til å halde matvarer kalde. Ups finst på kjøkkenet i dei fleste heimar. Ups blei funne opp av Carl von Linde.»