Litt om solsystemet
Planetar
Planetar er store himmellekamar som går i baner rundt sola. Det finst to typar planetar […]. Steinplanetar består for det meste av stein og har ein bakke som vi kan lande på. Jorda er derfor ein steinplanet, sjølv om det er ein del vatn her. Steinplanetane består av ulike typar stein tvers igjennom, men inne i midten av dei er det så varmt at steinen der kan vere flytande. Gassplanetar består stort sett av gassar og har ingen bakke som vi kan lande på. Om vi prøvde å lande på ein gassplanet, ville vi først kome inn i atmosfæren. Lufta ville bli tettare og tettare. Etter kvart ville lufta bli så tett at det nesten ville vere som å bevege seg i vatn. Samtidig stig også temperaturen, og romskipet ville smelte utan at vi hadde funne noka overflate å lande på.
Månar
Månar er mindre himmellekamar som går i bane rundt ein planet. Sidan nokre planetar er veldig store, mens andre er små, varierer også månane i storleik. Dei største månane er like store som dei minste planetane, men knøttsmå i forhold til kjempeplanetane som dei går i bane rundt.
Asteroidar
I tillegg til planetane svever det millionar av kampesteinar rundt omkring i solsystemet. […] Kampesteinane er frå 50 meter til nesten 1000 kilometer store og blir kalla asteroidar eller småplanetar. Dei aller fleste går i baner rundt sola mellom Mars og Jupiter, og dette området blir derfor kalla «asteroidebeltet».
Kjempesteinane er fulle av «krater» etter tallause kollisjonar. Vi kjenner 26 asteroidar som er større enn 200 kilometer tvers over, mens det er fleire millionar som er rundt éin kilometer eller mindre. Aller størst er asteroiden Ceces, som er nesten 1000 kilometer i tverrmål. Ceces blei oppdaga i 1801.
Nokre asteroidar har baner som fører dei veldig nær jorda. Med nokre tusen til nokre millionar års mellomrom kan dei faktisk kollidere med jordkloden. Kollisjonane skjer sjeldnast for dei store objekta. Faren for at vi skal få ein av dei i hovudet, er temmeleg liten!
Asteroidane flyttar seg svært raskt og kan treffe jorda med ein fart på over 40 000 kilometer i timen. Enorme energimengder blir frigjorde og fører til kraftig eksplosjon. For 65 millionar år sidan blei dinosaurane utsletta. Årsaka var truleg ein 15 kilometer stor asteroide som trefte jorda der Mexico ligg i dag. Heldigvis går det mange millionar år mellom slike nedslag. Små nedslag kan skje med nokre hundre eller tusen års mellomrom, men gjer mykje mindre skade. Astronomane prøver å oppdage asteroidar som kan kome til å kollidere med jorda, og i framtida vil vi derfor truleg klare å hindre farlege samanstøytar.
Mange gonger om dagen kjem mindre steinar inn i atmosfæren. Dei fer over himmelen som eldkuler, og delar av dei kan falle på bakken. Slike steinar frå rommet kallar vi meteorittar. Fordi dei er så få, er sjansen for å finne ein meteoritt svært liten, og vi kjenner ikkje til at noko menneske har fått ein av dei i hovudet. Sandkorn og støvkorn kjem endå oftare inn i atmosfæren, men dei brenn heilt opp lenge før dei kan nå ned til oss. Frå bakken ser vi desse som stjerneskot. Stjerneskot har altså ingenting med stjerner å gjere, men er sandkorn som brenn opp i atmosfæren på få sekund. Stjerneskot blir også kalla meteorar.
Kometane – «snøballar» frå fortida
På himmelen dukkar det av og til opp merkelege objekt som ser ut som om dei har hale. Halen heng etter ein lysande «tåkedott». Slike objekt blir kalla kometar. […] Årsaka til kometane finn vi mange milliardar kilometer frå sola – i det enorme isøydet langt utanfor dei ytste planetane. Der ute svever milliardar av klumpar med is, frosne gassar, støv, småstein og andre restar frå den gongen solsystemet blei til. Dei er så kalde at mange stoff som hos oss er i gassform, er nedfryste og i fast form. Klumpane er ein slags skitne snøballar. Av og til blir somme av dei forstyrra i sine svært lange baner og begynner å stupdykke innover mot dei indre områda av solsystemet. Når dei nærmar seg solvarmen, fordampar frosne gassar og is og riv samtidig med seg støvpartiklar. Stoffet legg seg som ei tåke rundt «snøballen». «Snøballen» er nokre få kilometer stor, mens tåkeskya, som blir kalla hovudet til kometen, kan vere opp til 100 000 kilometer brei.
Ut frå sola strøymer det ikkje berre lys, men også ein enormt tynn gass. Saman dyttar dei stoffet i hovudet til kometane utover og lagar ei lang stripe med materiale som blir belyst av sola. Frå jorda ser vi denne stripa som halen til kometen, og han kan vere heile 150 millionar kilometer lang!
Knut Jørgen Røed Ødegaard