Skrinet med det rare i
Det var ein gong ein liten gut som gjekk på ein veg. Då han hadde gått eit stykke, fann han eit skrin.
«Det er visst noko riktig rart i det skrinet,» sa han til seg sjølv. Men korleis han snudde og vende på det, var han ikkje god for å få det opp. «Det er nok noko riktig rart, det,» tenkte han.
Men då han hadde gått eit stykke til, fann han ein liten nøkkel. Så blei han trøytt og sette seg ned, og så tenkte han at det skulle vere moro om nøkkelen passa til skrinet, for eit lite nøkkelhol var det på det.
Så tok han den vesle nøkkelen opp av lomma. Først blåste han i nøkkelpipa, og så blåste han i nøkkelholet. Så sette han nøkkelen i nøkkelholet og vreid rundt.
«Knepp!» sa det i låsen, og då han tok i lokket, var skrinet ope.
Men kan du gjette kva som låg i skrinet?
Det var ei kalverumpe.
Og hadde kalverumpa vore lengre, hadde eventyret vore lengre også.
Folkeeventyr