Då blei det stilt
Så stilt blei det,
at ein kunne høyre heilt framme
på pulten oppe ved døra
nokon som kviskra «Ivar» nede
på bakarste pulten ved glaset.
Alle kunne høyre alt.
Men ingen kviskra meir.
Det gjorde vi ikkje.
Så stilt blei det
då Ivar var død.
Då blei det stilt, ja.
Einar Økland