Fagartiklar
Ein fagartikkel er ein sakprosatekst. Han skal gi opplysningar og informasjon om eit emne. Ein fagartikkel skal innehalde faktaopplysningar. Det som står i han, skal vere korrekt og sant.
Fagartikkelen bør byggjast opp systematisk etter tema og deltema. Han må skrivast i eit språk som lesaren forstår, og helst skal han ha ei utforming som gjer han lesarvennleg. Fagartikkelen kan gjerne ordnast slik:
1 Tittel/overskrift
2 Innleiing der det tydelig kjem fram kva teksten handlar om.
3 Hovuddel – gjerne med deloverskrifter.
a) Del hovuddelen i avsnitt for kvart deltema eller spørsmål du vil ta opp.
b) Fortel om éin ting om gongen.
c) Få til ein logisk samanheng mellom avsnitta.
4 Avslutting eller konklusjon.
Gjenta gjerne hovudpunkta. Dersom du skal ha med dine eigne tankar og meiningar om emnet, kan dei gjerne komme som avslutting på teksten.
5 Oversikt over kjelder til slutt.
Hugs å skrive ned bøker, internettsider og eventuelt andre kjelder. Du skal også gi opp kjelder for bilete frå Internett.
Du kan skrive ein fagartikkel for å hugse og lære meir om eit emne eller for å fortelje andre om emnet. Du samlar faktaopplysningar og ordnar dei slik at den som les teksten, forstår det du skriv om og kan lære noko om emnet.