Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Fagartikkel  >  Framføring av fagartiklar

Framføring av fagartiklar


Når du skal presentere ein fagartikkel munnleg, er det mange ting å passe på. Å presentere kjem frå latin og betyr å gjere noko nært. Det betyr at du skal engasjere publikum og opplyse dei om det temaet du har arbeidd med. Du blir mindre nervøs og hugsar lettare kva du skal seie viss du er godt førebudd.

Du har alt samla informasjon og skrive ein fagartikkel om emnet, men den munnlege presentasjonen kan vere meir enn berre ei opplesing av teksten. Først må du velje kva form du synest passar for å presentere artikkelen. Så må du førebu presentasjonen og planleggje bruken av hjelpemiddel. Til slutt må du øve på framføringa.
  • Kva for presentasjonsformer og hjelpemiddel vil du bruke?
  • Skaff til veges eventuelle rekvisittar og teknisk utstyr.
  • Bestem kva du skal seie i presentasjonen. Lag for eksempel stikkordmanus på papir eller i PowerPoint. Hugs at innhaldet skal fange interessa til publikum. Bruk eit språk som er naturleg for deg. Bruk gjerne humor, og vend deg direkte til publikum.
  • Tenk spesielt over innleiinga og avsluttinga! Hugs at du skal fange merksemda til publikum og halde på ho. Gi ei kortfatta oversikt over emnet til slutt, eller gi eit tydeleg signal om at du er ferdig. Opne gjerne for spørsmål frå publikum.
  • Øv på teksten og lær så mykje som mogleg utanåt slik at du kan snakke mest mogleg fritt og løfte blikket frå manuset.
  • Øv på framføringa. Snakk høgt når du øver – gjerne framfor spegelen eller med nokon som kan gi deg respons. Øv på å bruke stemme, ansiktsuttrykk og kroppsspråk til å understreke det du seier. Sørg for at du kan betene eventuelt teknisk utstyr. Kontroller på førehand at alle hjelpemiddel og ekstrautstyr fungerer som dei skal, slik at dei ikkje forstyrrar deg i framføringa.
  • Presentasjonen skal ikkje vere for lang, så du må øve på å berekne tida.
Media
 
Meir om presentasjonsform og hjelpemiddel
Hugs at innhaldet er den viktigaste delen av ein presentasjon. Presentasjonsforma og hjelpemidla skal byggje opp under og passe til innhaldet. Viss du bruker for mange ulike presentasjonsformer og hjelpemiddel på ein gong, kan det fort bli forvirrande, både for deg sjølv og for tilhøyrarane ...
Media


Meir om stemmebruk, mimikk og kroppsspråk
Når du snakkar, bruker du både stemme, mimikk og kroppsspråk for at andre skal skjønne kva du meiner. Høyrest du glad eller overlegen ut? Snakkar du høgt eller lågt, tydeleg eller utydeleg? Kva signal sender du med måten du står eller beveger deg på? Hugs at du skal framstå som eksperten på det temaet du snakkar om, og det gjeld også måten du står, går og snakkar på ...
Media