Å redigere fagartikkelen
Når du har alle bilete, illustrasjonar, hovud- og deloverskrifter og teksten klar, er det tid for å gjennomarbeide fagartikkelen i det formatet du vil bruke (tekstdokument, lysbiletepresentasjon e.l.).
- Layouten på fagartikkelen har mykje å seie for korleis teksten vil bli oppfatta, derfor bør du tenkje over korleis du set han opp.
- Klipp og lim saman delane, plasser bilete, vel fargar, skrifttypar, skriftstorleik osv.
- Viss det passar å setje nokre av opplysningane i ein tabell, eller framstille noko i eit diagram, er det ein god måte å gi informasjon på.