Samansette tekstar
Fagartiklar er ofte samansette tekstar med mange element:
- overskrift som fortel kva teksten handlar om.
- ingress som gir dei viktigaste faktaopplysningane om emnet.
- hovudtekst (brødtekst) med meir informasjon om emnet, rydda i deltema.
- deloverskrifter som passar til deltema i hovudteksten.
- illustrasjonar eller bilete som passar til, belyser og/eller utdjupar emnet.
- tekstar til illustrasjonar eller bilete.
- avslutting med oppsummering eller konklusjon.
Dersom fagartikkelen skal leggjast ut på Internett, kan han også innehalde:
- hyperlenkjer til ekstra informasjon om eit deltema eller stikkord.
- filmfiler.
- lydfiler.