Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Instruksjon  >  Å skrive instruksjonar

Å skrive instruksjonar

 
Når du skal skrive ein instruksjon, må du heile tida ha mottakaren i tankane. Du må skrive teksten slik at det går an å lese seg fram til korleis oppgåva skal løysast. Det er viktig å tenkje gjennom kva som er viktig informasjon og i kva for rekkjefølgje informasjonen bør sorterast. Det er vanskeleg å skrive ein god instruksjon til ei oppgåve du sjølv ikkje er sikker på eller ikkje har gjennomført. Derfor er det viktig at du på førehand set deg godt inn i og prøver ut det du skal skrive om.

Språket i instruksjonar bør vere kort og presist. Teksten blir ofte skriven i punkt som gir ei trinn-for-trinn-beskriving av framgangsmåten. Verba i instruksjonar står som regel i imperativ – brett, klipp, veg, mål og så vidare. I lister blir ofte mengd eller mål oppgidde, og da er det viktig at du bruker rett måleeining, og at måla stemmer.

Tips når du skal skrive instruksjonar er altså:
  • Tenk over målgruppa. Kven skriv du for?
  • Bruk imperativ.
  • Skriv punktvis.
  • Skriv tydeleg og enkelt slik at mottakaren forstår og klarer å utføre instruksjonen.
  • Bestem om du skal bruke illustrasjonar som ein del av instruksjonen.
  • Pass på at alle lister, tekst og bilete kjem i rett rekkjefølgje.
  • Les korrektur, og test ut instruksjonen.
Media


Korrektur
Les over den ferdige teksten og sjekk at:
  • alle tekst- og biletelement er på rett plass.
  • at beskjedane står i rett rekkjefølgje.
  • at språket er presist.
  • at instruksjonar og måleeiningar stemmer.
  • at ord er rett skrivne, at det ikkje er mange trykkfeil og slurvefeil.
Media