Instruksjon
Instruksjonar er sakprosatekstar. Det finst mange typar instruksjonar, for eksempel bruksrettleiingar og oppskrifter. Instruksjonstekstane er viktige i kvardagen. Dei beskriv korleis ulike oppgåver skal utførast, for eksempel korleis du skal lage mat, setje opp ei bokhylle, installere eit program på pc-en eller spele eit spel. Somme instruksjonstekstar har illustrasjonar. Instruksjonar kan innehalde ulike lister, for eksempel over utstyr eller ingrediensar. Dei blir kalla samansette tekstar.
Målet med ein instruksjon er å gi tydeleg informasjon som ikkje kan tolkast eller misforståast. Derfor må ein instruksjon alltid ha eit tydeleg, kortfatta og presist språk.