Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Munnleg forteljing

Munnleg forteljing


Eventyra fanst som munnlege forteljingar i mange hundre år før dei blei skrivne ned. Å fortelje munnleg er framleis viktig, både som underhaldning og for å ta vare på kunnskapar og tradisjonar. Når du fortel munnleg, får du mykje nærmare og betre kontakt med publikum enn når du les opp ein skriven tekst. I munnlege forteljingar er det lov å overdrive og late som om det du seier er sant. Humor er også eit godt verkemiddel – så lenge han ikkje blir brukt til å gjere narr av andre. For å bli ein god munnleg forteljar kan du bruke forteljarknep.
Media
 
Bli ein god forteljar:


Lær deg forteljinga
  • Les nøye og lag ei skjelettforteljing ut frå hovudpunkta kven, kva, kvar, korleis og når.
  • Vel nokre detaljar du synest er viktige.
  • Øv på å hugse forteljinga. Sjekk at du hugsar svara på kven, kva, kvar, korleis og når.
  • Prøv å sjå føre deg forteljinga som ein film.
Media


Bruk forteljarknep
  • Bruk fantasien og legg til detaljar som beskriv personar i forteljinga.
  • Lag samtalar mellom personane i teksten på din måte.
  • Tenk over korleis stemninga er.
  • Bruk ei stemme som passar til stemning og innhald.
  • Legg inn pausar der du meiner det er viktig. Det kan vere ved viktige ord eller når spenninga nærmar seg høgdepunktet.
  • Legg til ansiktsuttrykk som understrekar stemninga.
  • Bruk forteljarknep som fell naturleg for deg.
Media


Øv godt
  • Snakk høgt og tydeleg.
  • Snakk i eit tempo som passar til deg og forteljinga.
  • Øv framfor spegelen. Førestell deg at du står framfor publikum og fortel for dei.
  • Få ein annan til å høyre på deg før du framfører for publikum.
Media


Fortel
  • Vent med å begynne til publikum er klare.
  • Ha augekontakt med publikum. Vel gjerne nokon som ser interesserte og velvillige ut.
  • Lag stemning rundt framføringa. Du kan for eksempel bruke stearinlys.
Media


Gi og ta imot respons
Fortel for kvarandre i små grupper. Den som fortel, bruker forteljarknepa. Den som lyttar, gir respons ut frå lista med forteljarknep, for eksempel: Stemma di var … Augekontakten din var … Du hugsa innhaldet …
Media