Planlegging og disposisjon
Bruk ideane dine og bestem kva du skal fortelje og i kva for rekkjefølgje. Bruk stikkord, ikkje heile setningar. Du kan gjerne nummerere punkta dine for å få god oversikt.
- Kva skal vere med i innleiinga? Presenter alt i innleiinga kven forteljinga skal handle om, kvar handlinga skal gå føre seg, når ho skal gå føre seg, kva som skal skje og kvifor det skal skje.
- Kva skal hende i hovuddelen? I kva for rekkjefølgje? Bestem om forteljinga skal vere kronologisk, det vil seie om ho skal følgje vanleg tidsrekkjefølgje. For eksempel kan du begynne med å fortelje om ein ti år gamal gut som blir påkøyrd og skadar den høgre foten, og så halde fram med korleis det går etter ulykka. Forteljingar kan ha brot på kronologien. Da fortel du hendingane i ei anna rekkjefølgje enn den dei skjer i. For eksempel kan du begynne med å fortelje om den tolv år gamle toppskåraren på fotballaget og så halde fram med korleis han har trena seg opp etter at han ble skadd i ei bilulukke som tiåring.
- Korleis rundar du av og avsluttar forteljinga? Planlegg avsluttinga slik at teksten er forståeleg og gir meining. Korleis skal det gå til slutt? Har du teke opp ting i forteljinga som du treng å nemne i avsluttinga?
Hugs at teksten din skal vere spennande å lese. Derfor må ikkje lesaren alt i byrjinga få vite korleis det går til slutt.