Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Forteljing  >  Oppbygging og konflikt

Oppbygging og konflikt

 
Konflikten
Ein konflikt utgjer ofte eit problem som må løysast, eller ei utfordring nokon står overfor. Konflikten har med hovudpersonen å gjere, og forteljinga handlar om korleis hovudpersonen løyser denne konflikten. Ein konflikt treng ikkje vere noko negativt. Den skaper spenning og gjer det interessant å lese vidare fordi du vil vite kva som skjer.
Media


Innleiinga
I innleiinga blir tid, stad og personar presenterte. Du får vite kven forteljinga handlar om, kvar handlinga går føre seg og når ho skjer. Ofte blir konflikten presentert i innleiinga.
Media


Hovuddelen
Hovuddelen er den lengste delen av forteljinga. I denne delen går sjølve handlinga føre seg. Hovudpersonen må ha eit prosjekt, eit problem eller ein konflikt som skal løysast. Denne konflikten gir spenning og liv til forteljinga. I løpet av hovuddelen blir konflikten løyst.
Media


Avsluttinga
Avsluttinga viser situasjonen etter at konflikten er løyst. Her kan du trekkje samanlikningar til innleiinga. Denne delen av forteljinga kan vere kort.
Media