Dikt
Dikt er skjønnlitterære tekstar. Felles for diktsjangeren er at diktaren bruker ulike verkemiddel for å uttrykke mykje, ofte ved hjelp av få ord. Diktaren treng heller ikkje følgje språklege normer og reglar på same måte som i forteljingar og fagartiklar. Ei linje i eit dikt blir kalla verselinje, og ei gruppe verselinjer blir kalla strofe.