Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Dikt   >  Framføring av dikt

Framføring av dikt

 
Å framføre dikt blir kalla å ”deklamere”. Det betyr rett og slett ei kunstnarisk framføring. Du kan øve deg til å bli flinkare til å framføre dikt og andre tekstar. Når du deklamerer dikt, er det viktig at publikum får tak i innhaldet og stemninga i diktet. Da må du bruke stemma til å få fram verkemidla, for eksempel rytmen i diktet, variere tempo eller leggje vekt på linjedelinga i diktet ved hjelp av pausar.

Her er nokre tips til kva du kan øve på:
  • Les diktet og tenk gjennom det. Du må forstå diktet for å kunne planleggje kva du vil leggje vekt på i framføringa.
  • Øv på diktet. Øv gjerne ekstra godt på byrjinga og slutten slik at du får sterk og trygg innleiing og avslutting.
  • Kopier diktet med stor skrift slik at det blir godt å lese.
  • I øvefasen kan du notere i manuset kvar du vil heve eller senke stemma, når du skal auke eller senke tempoet, kvar du vil leggje inn pausar og så vidare.
  • Pass på kroppsholdninga, og planlegg korleis du vil bruke kroppsspråk eller mimikk til å understreke delar av teksten.
  • Øv på å uttale orda tydeleg.
  • Ha augekontakt med publikum. Viss du bruker manus, kan du kikke ned og lese, men sjå mot publikum når du snakkar. Øv høgt framfor spegelen eller med nokre tilhøyrarar som kan gi deg respons.
  • Slapp av og rist laus rett før du skal framføre diktet – strekk musklane, gjer grimasar o.l. Pust roleg og konsentrer deg om det du har øvd på å gjere.

Media