Linjedeling
Linjedeling er eit anna tydeleg verkemiddel i dikt. Dikt blir sette opp annleis enn normalprosa som forteljingar og fagartiklar. Oftast er ikkje linjene like lange, og linjedelinga kan understreke og framheve ord i diktet. Dei fleste dikt har ganske korte linjer, somme gonger berre med eit enkelt ord per linje. Den som har skrive diktet, har tenkt gjennom og bestemt kva ord som skal stå på same linje. Dersom linjefordelinga blir forandra, kan diktet bli heilt annleis. Linjedelinga påverkar også måten diktet blir framført på.
Diktaren kan skrive slik at dikta får ei spesiell form. Dei kan vere høge, tynne eller breie, eller dei kan ha fasong som ein gjenstand. Eit dikt om ei høne kan ha form av eit egg, eit kjærleiksdikt kan setjast opp som eit hjarte, og eit dikt om ein tv kan setjast opp som ei kasse. Dikt med ei spesiell form blir ofte kalla figurdikt eller formdikt.