Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Dikt   >  Verkemiddel

Verkemiddel


I dikt og andre tekstar er verkemiddel ulike knep du kan bruke for å uttrykkje deg når du skriv.
Media
 
Enderim
Enderim får vi når slutten av ei verselinje rimar med slutten av ei anna verselinje ...
Media


Bokstavrim
Vi har bokstavrim når to eller fleire trykksterke ord begynner med same konsonant eller ulik vokal: ”stokk og stein”, ”mangt og mykje”, ”synd og skam” eller ”éin for alle, alle for éin”. I den norrøne diktinga – dikt frå vikingtida – var bokstavrima veldig viktige. Her er eit døme frå ”Trymskvida”. Høyrer du bokstavrima? ...
Media


Gjentaking
Gjentaking er rett og slett at noko blir gjenteke i diktet. Det kan vere eit ord, eit uttrykk, ei setning eller ei strofe. Når du gjentek noko, understrekar du det som blir gjenteke, og det kan også skape ein bestemt rytme i diktet.
Media


Samanlikning
Noko blir samanlikna med noko anna ved hjelp av samanlikningsord. Som oftast blir ordet ”som” brukt som eksempel på samanlikningsord, men du kan også bruke ”liknar på”, ”lik”, ”slik som”, ”nesten som” eller ”som om”. Eksempel på samanlikningar er ”ho var som ein vind” eller ordtaket ”ei bok er som ein hage du ber i lomma” ...
Media


Kontrast
Ein kontrast er ein motsetnad. I eit dikt kan to motsette ord eller setningar bli sette opp mot kvarandre. Dette skaper spenning og verkar ofte forsterkande. Det triste kan bli tristare når det står i motsetnad til det lykkelege, fortida kan kome tydelegare fram når ho står i motsetnad til framtida ...
Media


Linjedeling
Linjedeling er eit anna tydeleg verkemiddel i dikt. Dikt blir sette opp annleis enn normalprosa som forteljingar og fagartiklar. Oftast er ikkje linjene like lange, og linjedelinga kan understreke og framheve ord i diktet. Dei fleste dikt har ganske korte linjer, somme gonger berre med eit enkelt ord per linje. Den som har skrive diktet, har tenkt gjennom og bestemt kva ord som skal stå på same linje. Dersom linjefordelinga blir forandra, kan diktet bli heilt annleis. Linjedelinga påverkar også måten diktet blir framført på ...
Media