Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Sjangrar og sjangertrekk  >  Om sjangrar og sjangertrekk

Om sjangrar og sjangertrekk

 
Det finst mange ulike typar tekstar, og dei høyrer til ulike sjangrar eller teksttypar. Alle sjangrar har spesielle kjenneteikn. Dei blir kalla sjangertrekk og kan ha med både form og innhald å gjere. Tekstar som tilhøyrer same sjanger, har dei same sjangertrekka. Kongelege personar, troll og innleiinga «det var ein gong» er eksempel på sjangertrekk som går igjen i ein type eventyr.


Det er vanleg å dele tekstane i to hovudgrupper: skjønnlitterære tekstar og sakprosatekstar.

- Tekstar i hovudsjangeren skjønnlitteratur er for det meste oppdikta. Det kan vere forteljande tekstar, ulike typar dikt eller skodespel. Skjønnlitterære tekstar kan handle om verkelege personar eller hendingar, men da diktar forfattaren vidare, og det er ikkje alt i teksten som er sant.

- Tekstar i hovudsjangeren sakprosa blir ofte kalla fagtekstar fordi dei skal fortelje om noko som er sant og ikkje oppdikta. Men tekstar om emne som ikkje finst i røyndommen, eller om ting som ikkje er sanne, f.eks. troll og drakar, kan ha form som ein sakprosatekst.

Media

Her kan du lære meir om fire ulike sjangrar: