Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Fagartikkel  >  10. Kortspelet "Ups!"

10. Kortspelet "Ups!"


Kortspel for to par
 
Mål med spelet: Det er om å gjere å forklare eit ord så presist at medspelaren klarer å gjette kva det er. Paret som samlar flest ordkort under spelet, vinn.

Slik speler de:
  • To og to speler saman på lag. Begynn med å bestemme laga.
  • Plasser dykk slik at dei som speler saman, ikkje sit ved sida av kvarandre.
  • Stokk saman ca. 25 ordkort og plasser dei midt på bordet.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Neste spelar etter den som delte ut, begynner.
  • Trekk eitt ordkort. Vel eitt av orda på kortet, men ikkje sei det høgt!
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Kast ein terning. Dersom terningen viser 1, får du gi éi faktaopplysning, viser terningen 2, får du kome med to faktaopplysningar, osv.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Beskriv ordet med så mange opplysningar som terningen viste. Tenk på at medspelaren din skal klare å gjette kva det er snakk om. Du må alltid seie «ups» i staden for det ordet det er snakk om.
    • Dersom du gløymer deg og bruker ordet, får motspelarane ta eitt av ordkorta de har samla.
    • Dersom medspelaren klarer å gjette ordet, får de behalde kortet, og turen går vidare til medspelaren.
    • Dersom medspelaren ikkje klarer å gjette ordet, må du gi kortet og turen til neste spelar.
  • Hald fram slik til alle korta i stokken er brukte, eller til ei bestemt tid er ute.

Eksempel:
Ordet er «kjøleskap», og du fekk 4 på terningen. Då kan du seie: «Ordet ups er eit substantiv i inkjekjønn. Ups bruker ein til å halde matvarer kalde. Ups finst på kjøkkenet i dei fleste heimar. Ups blei funne opp av Carl von Linde.»