Nynn litt på den!
Å få ein song på hjernen kan vere utruleg irriterande. På tysk blir dette kalla Ohrwurm – øyreorm. Songar kryp altså inn øyret og derfrå til hjernen og nektar å forsvinne. Forsking viser:
- Øyreormar kan samanliknast med kløe – ein tankekløe. Du kan «klø» hjernen ved stadig å nynne songen, med eller utan lyd.
- Kvinner blir plaga oftare enn menn av songar på hjernen.
- Øyreormplager varer ofte lengre for musikarar og musikkelskarar enn for andre.
- Songar du høyrer veldig mykje som barn, kan bli utruleg plagsame etter kvart som du blir eldre.
- Songar med tekst festar seg lettare på hjernen enn songar utan tekst.
- Enkle melodiar festar seg lettare enn innvikla melodiar.
- Reklamesongar og kjenningsmelodiar har ei heilt spesiell evne til å gå folk på nervane.