Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke tankekart til å planleggje og skrive ein fagartikkel.
I arbeidet med ein disposisjon kan du bruke ulike strategiar du har lært – tankekart, tokolonnenotat, styrkenotat e.l.
Lag eit tankekart og skriv ein samanhengande fagartikkel.
Runde 1: Kast ein terning for å bestemme kva de skal lage tankekart om.
Runde 2: Lag eit tankekart til temaet. - Skriv temaet i midten.
- Tenk, finn og skriv opplysningar som passar til temaet.
- Bruk fargar. Merk alle opplysningar som høyrer saman, med same farge.
Runde 3: Lag ein disposisjon til ein fagartikkel om temaet. Fagartikkelen skal ha minst tre delar og deloverskrifter.
- Bruk tankekartet og lag ein disposisjon.
- Bestem kva de skal seie i innleiinga og i avslutninga, og i kva rekkjefølgje de skal skrive om dei ulike delane. Finn fleire fakta dersom de treng det, og set dei der de meiner dei passar i disposisjonen.
Runde 4: Bruk opplysningane frå tankekartet og skriv ein samanhengande fagartikkel.
- Skriv fullstendige setningar, ikkje berre punkt.
- Varier språket slik at setningane begynner på forskjellig måte.
- Les den ferdige teksten høgt for å høyre om setningane er gode, og om teksten heng godt saman.