Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Fagartikkel  >  8. Tankekart som disposisjon

8. Tankekart som disposisjon


Oppvarming:

Klikk for større bilete


















  • Studer tankekartet om ulike idrettsgreiner.
  • Kva er overskrift, deloverskrifter og detaljopplysningar?


 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke tankekart til å planleggje og skrive ein fagartikkel.

I arbeidet med ein disposisjon kan du bruke ulike strategiar du har lært – tankekart, tokolonnenotat, styrkenotat e.l.


Lag eit tankekart og skriv ein samanhengande fagartikkel.

Runde 1: Kast ein terning for å bestemme kva de skal lage tankekart om.
Klikk for å kaste ein terning


Runde 2: Lag eit tankekart til temaet.
  • Skriv temaet i midten.
  • Tenk, finn og skriv opplysningar som passar til temaet.
  • Bruk fargar. Merk alle opplysningar som høyrer saman, med same farge.

Runde 3: Lag ein disposisjon til ein fagartikkel om temaet. Fagartikkelen skal ha minst tre delar og deloverskrifter.
  • Bruk tankekartet og lag ein disposisjon.
  • Bestem kva de skal seie i innleiinga og i avslutninga, og i kva rekkjefølgje de skal skrive om dei ulike delane. Finn fleire fakta dersom de treng det, og set dei der de meiner dei passar i disposisjonen.

Runde 4: Bruk opplysningane frå tankekartet og skriv ein samanhengande fagartikkel.
  • Skriv fullstendige setningar, ikkje berre punkt.
  • Varier språket slik at setningane begynner på forskjellig måte.
  • Les den ferdige teksten høgt for å høyre om setningane er gode, og om teksten heng godt saman.