Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Fagartikkel  >  7. Styrkenotat som disposisjon

7. Styrkenotat som disposisjon


Oppvarming:
  • Finn Island, Sverige, Italia, Tyskland, Frankrike, Storbritannia og Russland på kartet. Kva kan du finne ut om eit land ved å studere eit kart?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke styrkenotat til å planleggje og skrive ein fagartikkel.

I arbeidet med ein disposisjon kan du bruke ulike strategiar du har lært – tankekart, tokolonnenotat, styrkenotat e.l.


Lag eit styrkenotat og skriv ein fagartikkel.

Runde 1: Lag 25 lappar, eller bruk post it-lappar.

Runde 2: Skriv desse stadnamna på lappane, eitt ord på kvar lapp:
Italia, Sverige, Elbrus, Klaraälven, Rhinen, Zugspitze, Moskva, Mont Blanc, Tyskland, Roma, Berlin, Po, London, Volga, Themsen, Seinen, Storbritannia, Ben Nevis, Russland, Stockholm, Frankrike, Europa, Paris, Kebnekaise, Monte Rosa

Runde 3: Bruk eit europakart og sorter stadnamna i eit styrkenotat:
  • Finn ordet som passar som overskrift, og legg denne lappen øvst.
  • Finn orda som passar som deloverskrifter, og legg desse lappane ved sida av kvarandre under overskrifta.
  • Finn orda som er detaljopplysningar, og legg desse lappane under deloverskrifta som passar til.

Runde 4: Vel minst tre av landa og lag ein disposisjon til ein fagartikkel med opplysningar om desse landa.
  • Bestem kva de skal seie i innleiinga og i avslutninga, og i kva rekkjefølgje de skal skrive om dei ulike delane. Finn fleire fakta dersom de treng det, og set dei der de meiner dei passar i disposisjonen.

Runde 5: Bruk opplysningane og skriv ein samanhengande tekst.
  • Skriv fullstendige setningar, ikkje berre punkt.
  • Varier språket slik at setningane begynner på forskjellig måte.
  • Les den ferdige teksten høgt for å høyre om setningane er gode, og om teksten heng godt saman.