Mål med aktiviteten: Du skal kunne skrive og redigere ein fagartikkel med ulike tekstelement.
Skriv ein fagartikkel om eit dyr.
Runde 1: Kva for eit dyr skal du skrive om?
Kast terning for å avgjere kva for eit dyr du skal skrive om.
Runde 2: Lag ein disposisjon.Når du skal skrive ein fagartikkel, må du samle og ordne fakta du vil ha med. Du lagar ein disposisjon ved å avgjere kva som skal med i innleiinga, kva for deltema som skal med i hovudteksten, og korleis du skal avslutte teksten. Så kan du lage deloverskrifter som passar til dei ulike delane, og avgjere kva for rekkjefølgje du synest dei skal ha i teksten.
Runde 3: Skriv ein fagartikkel om dyret. - Skriv på data.
- Skriv ein samanhengande tekst med fullstendige setningar.
- Pass på at du ikkje berre ramsar opp fakta om dyret.
- Du treng ikkje presentere faktaopplysningane i same rekkjefølgje som dei står i notatet i runde 2.
Runde 4: Illustrer teksten.
- Kast terning for å finne ut kor mange illustrasjonar du skal setje inn i dokumentet.
- Finn illustrasjonar som passar til teksten (bilete, teikningar, kart, grafiske framstillingar, osv.).
Runde 5: Skriv bilettekstar.
- Skriv 1–3 setningar per bilete. Ver nøye med at innhaldet i bilettekstane passar til både biletet og hovudteksten.
Runde 6: Jobb med utforminga av teksten.
- Plasser bileta og bilettekstane der du meiner dei passar i dokumentet ditt.
- Vel skrifttypar til dei ulike delane av teksten (overskrift, brødtekst, bilettekst).