Ute av det gode selskap
I 1930 blei det bestemt at Pluto skulle få vere den niande planeten i solsystemet vårt. Men ingenting varer til evig tid: Etter 76 år er planeten ekskludert frå det gode selskap og skoven ut i det store himmelmørket.
I august 2006 skulle det avgjerast ein gong for alle. Fleire enn 2500 astronomar kom saman for å snakke om Pluto. Er det ein planet eller ikkje? Først ville astronomane at Pluto skulle vere ein planet. For det har han trass alt vore i mange år. Men så tenkte dei seg litt om. Astronomane er sikre på at det finst mange hundre gjenstandar i solsystemet som liknar på Pluto. Det betyr at alle desse også må bli planetar.
Å vere eller ikkje vere
Det blei til tider ein hissig diskusjon, men endeleg kom astronomane fram til nokre krav for kva ein planet er. Dessverre oppfyller ikkje Pluto desse krava. Grunnen er at han har ein måne som er veldig stor i forhold til han sjølv. Og sidan eitt av krava er at det ikkje skal finnast ein stor himmellekam nær ein planet, blei det bestemt: Pluto er ikkje ein planet.
Dvergplanet
Så no er Pluto blitt ein dvergplanet, saman med den nyoppdaga Xena og asteroiden Ceres. Astronomane bestemte at det også skal vere noko som blir kalla «smålekamar i solsystemet». Dette er alt anna ein finn, sånn som asteroidar og kometar, men ikkje satellittar. Dermed har solsystemet no åtte planetar, førebels tre dvergplanetar og ein drøss med andre små og store klumpar.
Thomas Keilman