Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Fagartikkel  >  4. Fagord og ordforklaringar I

4. Fagord og ordforklaringar I


Oppvarming:
  • Les eller lytt til «Ute av det gode selskap». Du finn også teksten på cd-en eller i God i ord. Tekstsamling 7, s. 224–225.
    Media
 
Mål med aktiviteten: Du skal vite at fagartiklar ofte inneheld fagord som lesaren må forstå, og du skal kunne skrive ordforklaringar til fagord.

Runde 1: Ordforklaringar til fagord.
Skriv ordforklaringar til ord i teksten «Ute av det gode selskap». Bruk framandordbok, leksikon eller andre hjelpemiddel. Ver så presis og nøyaktig som mogeleg.

Ord: Astronom, Dvergplanet , Asteroide , Ekskludert, Satellitt , Komet
Ordforklaring:

Runde 2: Bruk framandordbok eller leksikon.
  • Finn ord de aldri har høyrt før.
  • Skriv ei god og presis forklaring til ordet.
  • Dikt ei ny ordforklaring til det same ordet. Skriv slik at andre kan tru at den forklaringa er rett.

Eksempel:

Vanskelig ord: antimakassar
Rett ordforklaring: Eit tøystykke til å hengje over stolrygga, i for eksempel fly og buss for å beskytte mot feitt frå håret.
Oppdikta ordforklaring: Ein person som er motstandar av makk som levande agn ved fisking.

Runde 3: Konkurranse.
Lag ein konkurranse i klassen. Finn ut kva for nokre ordforklaringar som er rette, og kva for nokre som er oppdikta.