Nomster
Det er eit par ting du bør vite om nomster. Og det du veit, det bør du nok halde for deg sjølv.
Marnimbel (Kladasus grumlemorf)
Marnimblane lever av honningvatn og dei mjukare delane av skyene. Dei held seg slik ei tid, men så blir dei forvandla til vaksne når nokon seier: ”Å, sjå på dei søte marnimblane, eg har lyst til å klappe dei.”
Vaksen Marnimbel (Kladasus grumlemorf)
Et alt han ser og døyr av kroniske fordøyingsproblem.
Glunk (Glunk Glunk)
Gjer absolutt ingenting, og så døyr han.
Aribums (Klumsator nistirius)
Denne vesle treskallemirken med hjerne som ein liten deigklump, likar alt og alle. Han ruslar rundt og stirer på ting, og forelskar seg på ein blunk. Han kan stå og stire i dagevis til nomsteren han stirer på, går sin veg. Dersom han blir forelska i ein glunk, er han der for alltid.
Ricky Gervais