Drakologi
Blant alle naturvitskapar er nok kanskje drakologien den mest givande, ettersom han er blant dei eldste, og samtidig den minst utforska. Drakar er blitt studerte så lenge det har funnest menneske, og likevel, paradoksalt nok, er dei ein av dei minst kjende artane av skapningane på jorda.
Vestlege drakar
Sjølv om det er sannsynleg at alle dei vestlege drakeartane er i nær slekt, vil den vakne drakologen kunne påvise ei rekkje interessante forskjellar mellom dei. […] Ulikt dei fleste reptil bruker den vestlege draken mykje tid på å pleie ungen når han er klekt ut, og faste band oppstår raskt mellom ungen og foreldra.
Den Europeiske Draco occidentalis magnus
Kjend for si evne til å puste eld og sin forkjærleik for skattar er denne arten no avgrensa til nokre få avsides område. Flink med språk, og skifter hud kvart tredje år.
Hi eller reir – Hole i fjellet eller ved innsjø i avsides egn.
Storleik [vaksen] – Lengd 45 fot; høgd 13 til 17 fot.
Farge – Raud, grøn, svart, unntaksvis gyllen.
Angrepsmiddel – Flamme, hale, klør, horn.
Føde – Kveg, sauer, menneske [det siste berre dersom det ikkje finst annan mat, på grunn av beisk smak].
Austlege drakar
Det er interessant å merke seg at mens legendene om Vestens drakar skildrar dei som vondskapsfulle, blodtørstige monster, så blir Austens drakar for det meste sedde på som vennlege velgjerarar for menneska. Grunnen til dette, historisk sett, er mest sannsynleg det samspelet menneska har hatt med dei forskjellige artane av drakar. Sikkert har somme vore betre naboar enn andre.
Asiatisk lung Draco orientalis
Lung finst som oftast nær elvar, bekker og innsjøar, som er skjul for undervasshia deira. Hoene ber egga sine med seg for å vere på den sikre sida, mens hiet blir brukt til å lagre perler og opalar som dei samlar på. Kor mange tær dei har, varierer mellom dei forskjellige underartane.
Hi eller reir – Vanlegvis ei hole eller grotte under vatn.
Storleik [vaksen] – Lengd 40 fot; høgd 12 til 15 fot.
Farge – Blå, svart, kvit, raud eller gul.
Angrepsmiddel – Horn, tenner og klør brukte i sjølvforsvar.
Føde – Hovudsakleg fugl og fisk, særleg svanesteik.
Andre drakar
Ved sida av hovudgruppene austlege og vestlege drakar finst det eit stort mangfald av andre artar som kan fortene merksemd.
Wyvern Draco africanus
Ulikt dei fleste andre drakane har wyvern berre to bein. Han er likevel den største av alle drakar, og for han er to bein fullt ut tilstrekkeleg til å frakte favorittbyttet hans, elefanten.
Hi eller reir – Eit steinete klippeframspring, eller av og til eit rundt reir i område med sanddyner eller gras.
Storleik [vaksen] – Lengd 50 fot; høgd 18 til 20 fot.
Farge – Frå gjørmebrun til lindegrøn.
Angrepsmiddel – Tenner, klør, piskande hale, nedslepp frå stor høgd.
Føde – Elefantar, flodhestar, nashorn eller andre store planteetarar.
Dugald Steer