Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Fagartikkel  >  1. Oppbygging av fagartiklar

1. Oppbygging av fagartiklar


Oppvarming:
  • Oversiktsles den samansette teksten «Litt om solsystemet». Du finn også teksten på cd-en eller i God i ord. Tekstsamling 7, s. 226–229.
    Media
  • Legg merke til kva for ulike delar og element teksten er sett saman av, og kva det er lett å få auge på når du ser denne teksten.
 
Mål med aktiviteten: Du skal vite korleis ein fagartikkel kan byggjast opp ved hjelp av ulike delar og element.

Studer teksten og diskuter:
  • Kven har skrive teksten?
  • Kva er overskrifta?
  • Kor mange delar er teksten delt i, og kva er deloverskriftene?
  • Sei med eitt ord eller éi setning kva kvart avsnitt handlar om.
  • Korleis blir teksten innleidd?
  • Korleis blir teksten avslutta?
  • Når blir ulike skrifttypar og skriftstorleikar brukte i teksten?
  • Er teksten illustrert? I så fall:
    • Er det fotografi, teikningar eller grafiske framstillingar?
    • Viser illustrasjonane noko som er skildra i teksten, eller viser dei noko anna om temaet?
    • Er det bilettekstar til alle illustrasjonane?
    • Kva fortel bilettekstane?
  • Er det faktaboksar eller rammer i teksten? Korleis skil i så fall innhaldet seg ut frå resten av teksten? I kva for samanhengar bruker ein faktaboksar?