Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Instruksjon  >  12. Brettspelet "Kommandør"

12. Brettspelet "Kommandør"


Brettspel for fire personar

Tilleggsutstyr:
  • spelebrett
  • spelebrikker
 
Mål med spelet: Du vinn ved å kome sist frå starthjørnet til motsett hjørne.

I dette spelet skal de leggje spesielt merke til feltet i midten og bokstavane og tala langs kantane. Felt merkte med ikon for rimkort, ikon for ordkort og ikon med to ansikt er berre vanlege ruter.
Dersom du møter kanten av spelebrettet, må du halde fram på motsett side, for eksempel frå A9 til A1, frå I4 til A4, osv.


Du har to roller: Du skal vere KOMMANDØR for den som sit til venstre for deg, og du skal ta imot ordrar frå den som sit til høgre for deg. Når det er din tur, er du KOMMANDØR.

Det er om å gjere å gi instruksjonar som styrer ein motspelar på skrå over til motsett hjørne.
Samtidig må du følgje ordrane frå din kommandør, men du skal prøve å unngå å kome over til motsett hjørne med di eiga spelebrikke.

Slik speler de:
  • Set opp spelebrettet.
  • Plasser spelebrikkene i kvart dykkar hjørne av brettet.
  • Kast ein terning for å finne ut kven som skal begynne som kommandør.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Som spelar flyttar du brikka di etter ordre frå kommandøren din. Dersom du flyttar brikka utan å ha fått ein ordre, skal brikka di plasserast eitt felt frå målhjørnet. Dersom du for eksempel begynte i A1, kan du flyttast til I8, H8 eller H9. Du kan sjølv velje kva for eit av felta du vil bli plassert på.
  • Spelet er slutt når alle bortsett frå ei brikke er komne i mål. Eigaren av denne brikka er vinnaren. Det betyr at dersom du har blitt kommandert heilt til motsett hjørne, er brikka di ferdig med spelet, men du blir sitjande på plassen din for å kommandere spelaren til venstre for deg. Ein kommandør som har kommandert ferdig, deltek i det vidare spelet ved å ta imot ordre og flytte si brikke.

KOMMANDØREN kastar terningar og gir ordren til den som skal flytte brikka, slik:
  • Kast ein terning for å avgjere kor mange steg spelaren skal flytte. (Eksempel: Du får 5, då er det fem felt eller steg.)
    Klikk for å kaste ein terning
  • Kast så to terningar for å avgjere kva for retning spelaren skal flytte. Kommander spelaren:
    Terningar: Klikk for å kaste
  • Gi ordren til slutt. (Eksempel på ordre: Flytt brikka di fem felt mot vest!)