Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Instruksjon  >  11. Hinderløpet "Følg ordre!"

11. Hinderløpet "Følg ordre!"


Hinderløp for to eller fleire par

Oppvarming:
  • Utstyr: skjerf
  • Jobb saman i par. Den eine har bind framfor auga så han ikkje kan sjå.
  • Den som kan sjå, leier den andre rundt i rommet.
  • Byt roller.
 
Mål med leiken: Det er om å gjere å gi klare ordrar og gjennomføre hinderløypa på kortast mogeleg tid.

Utstyr:
  • skjerf
  • hinderløype
  • stoppeklokke

Førebuingar:
Set opp ei hinderløype i klasserommet, i gymsalen eller ute. Hinderløypa kan for eksempel bestå av ting de skal klatre over, krype under eller gå rundt. De treng ein dommar som følgjer med på at ingen bryt reglane. Ved hjelp av stoppeklokka tek dommaren tida på kvart par for å kåre ein vinnar.

Slik leiker de:
  • Still opp ved startstreken.
  • Knyt skjerfet framfor auga på den som skal gå gjennom hinderløypa.
  • For at de skal kome dykk raskast mogeleg gjennom løypa, går den andre ved sida av og gir enkle og tydelege kommandoar – lyft høgre bein, gå litt til venstre, no skal du klatre over eit hinder, begynn med å ta tak med høgre hand, osv.
  • Dersom de kjem borti kvarandre, må de begynne frå start.
  • Byt roller ved enden av hinderløypa.
  • Snu og gå gjennom løypa på same måten, men i motsett retning.