Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Instruksjon  >  10. Bokstavspelet "Rappkjeft"

10. Bokstavspelet "Rappkjeft"


Bokstavspel for minst tre personar

Oppvarming:

Jobb saman og varm opp stemmeband og ansiktsmusklar. Sei alfabetet høgt i kor
  • med vanleg stemme
  • mens de gaper så mykje de kan
  • med trutmunn
  • mens de smiler breitt
  • med djup stemme
  • med lys stemme

Hald fram til alle er varme!
 
Mål med spelet: Det gjeld å vere rask til å finne ord og få samla flest mogeleg bokstavlappar.

Utstyr:
  • alfabetlappar (Kopier, klipp ut dei små bokstavlappane og legg dei i ein liten boks).

Spelereglar:
  • Kast terning. Den som får det høgaste talet, skal begynne med terningen og bokstavboksen.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Den som har boksen, trekkjer ein bokstav og seier tema og bokstav, for eksempel «fornamn på P».

Variant 1:
  • Den som har boksen, kastar ein terning for å bestemme tema.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Dei andre konkurrerer om å svare først. Den som har bokstavboksen, kan ikkje svare sjølv.

Variant 2:
  • Den som har bokstavboksen, bestemmer tema. Det kan vere gutenamn, jentenamn, namn på byar, elvar, land, bilar, songar, bøker osv.
  • Dei andre konkurrerer om å svare først. Den som har bokstavboksen, kan ikkje svare sjølv.

Det vidare spelet er likt for variant 1 og 2:
  • Den som er raskast til å svare, får bokstavlappen og overtek boksen og terningen. Den som no har boksen, trekkjer bokstav og seier tema og bokstav. Dersom ingen har noko forslag, må den som har boksen, svare sjølv eller leggje ein av sine eigne lappar tilbake i boksen.
  • Spel vidare på denne måten. Vinnaren er den som har flest bokstavlappar når de avsluttar og tel opp.