9. Kortspelet "Finn ordet!"
Kortspel for minst to lag.
Oppvarming:
- Leik mimeleken. Kvar deltakar trekkjer eit ordkort. Byt på å gjette og mime eitt av orda på kortet.
Mål med spelet: Det er om å gjere å gi presise forklaringar for å samle flest kort.
Førebuingar:
- De speler på lag, minst to personar på kvart lag.
- Kvart lag skal starte med like mange ordkort (minst 15 kvar).
- Kvar runde varer til sanden i timeglaset har runne ut.
- Kvart lag blir einige om kven på laget som skal forklare, og kven som skal gjette.
- Bli einige om kva for eit lag som skal begynne.
Slik speler de:
- Snu timeglaset.
- Trekk øvste kortet i bunken, vel eitt av orda og forklar ordet utan å nemne det.
Laget prøver å gjette ordet, dei kan gjette mange gonger. Dei kan gi opp ved å seie pass.
- Trekk neste kort når laget har gjetta ordet eller seier pass.
- Legg ordkort de er ferdige med, til side. Legg ordkort de ikkje klarer, nedst i spelbunken.
- Når tida er ute, begynner neste lag.
Hald fram slik til eitt av laga er ferdig med sine kort.