Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Instruksjon  >  9. Kortspelet "Finn ordet!"

9. Kortspelet "Finn ordet!"


Kortspel for minst to lag.

Oppvarming:
  • Leik mimeleken. Kvar deltakar trekkjer eit ordkort. Byt på å gjette og mime eitt av orda på kortet.
    Kort: Klikk for å trekkje
 
Mål med spelet: Det er om å gjere å gi presise forklaringar for å samle flest kort.

Førebuingar:
  • De speler på lag, minst to personar på kvart lag.
  • Kvart lag skal starte med like mange ordkort (minst 15 kvar).
  • Kvar runde varer til sanden i timeglaset har runne ut.
  • Kvart lag blir einige om kven på laget som skal forklare, og kven som skal gjette.
  • Bli einige om kva for eit lag som skal begynne.

Slik speler de:
  • Snu timeglaset.
  • Trekk øvste kortet i bunken, vel eitt av orda og forklar ordet utan å nemne det.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Laget prøver å gjette ordet, dei kan gjette mange gonger. Dei kan gi opp ved å seie pass.
  • Trekk neste kort når laget har gjetta ordet eller seier pass.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Legg ordkort de er ferdige med, til side. Legg ordkort de ikkje klarer, nedst i spelbunken.
  • Når tida er ute, begynner neste lag.

Hald fram slik til eitt av laga er ferdig med sine kort.