Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Instruksjon  >  8. Instruksjonar til leikar og spel

8. Instruksjonar til leikar og spel


Oppvarming:

Leik hugseleiken
Les reglane for hugseleiken, og leik han nokre gonger.

Du treng:
  • fleire ulike gjenstandar, ikkje for store, det kan vere ei saks, ein stein, ei klokke, ein teiknestift, ei lyspære osv. Dess fleire gjenstandar, dess vanskelegare blir leiken
  • ein duk, eit laken eller eit anna stort klede
  • timeglas

Førebuing:
  • Plasser gjenstandane på eit bord
  • Legg duken over tinga

Slik leikar de:
Deltakarane skal stå rundt bordet. Ta duken bort frå bordet. Snu timeglaset. La deltakarane studere gjenstandane og prøve å hugse dei.
Timeglas: Klikk for å snu


Legg duken tilbake når timeglaset er tomt. Stikk handa under duken og fjern ein ting. Fjern duken.
Den som først kan seie kva du har fjerna, har vunne og får leie leiken neste gong.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne skrive og følgje ein instruksjon.

Runde 1: Skriv ein instruksjon.
Skriv ein instruksjon til ein leik eller eit enkelt spel du kan – det kan vere kviskreleiken, «Flasketuten peikar på», eit kortspel, ei balløving, eller noko heilt anna.

Runde 2: Gi respons på ein instruksjon.
Jobb saman i par. Byt instruksjonar. Les instruksjonen den andre har skrive, og gi kvarandre respons.
  • Er instruksjonen tydeleg?
  • Forstod du alle punkta?
  • Blei beskjedane gitt i rett rekkjefølgje?
  • Var det lett å skjøne poenget med leiken eller spelet?

Runde 3: Test ein instruksjon.
Jobb i grupper og prøv ut ein eller fleire av spela eller leikane.