Blåbærpaien
I dag var eg i skogen og plukka blåbær. Då eg kom heim, fann eg ut at eg skulle overraske mamma med å bake ein herleg blåbærpai.
Eg fann fram ei skål til å blande deigen i og ei paiform. Paiforma smurde eg med margarin, og eg brukte også hundre gram margarin i deigen. Det er litt av eit griseri med den deigen, forresten. Eg måtte bruke hendene for å få blanda saman margarinen med eit par matskeier sukker og to og ein halv desiliter kveitemjøl.
Endå meir kliss blei det då eg skulle blande egget i deigen, men omsider hadde eg fått til ei hard og flott deigkule som eg pressa ut i paiforma. Det var litt vanskeleg å få deigen til å dekkje heile forma og presse han litt oppover kantane, men eg klarte det no på eit vis.
Etter ein grundig handvask stod det berre att å fordele blåbæra i paien. Eg brukte berre ein halv liter, så det var meir enn nok til overs til å lage syltetøy også. Så strødde eg litt sukker over blåbæra for at dei ikkje skulle vere for sure. Til slutt druste eg litt strøkavring over bæra.
Då eg skulle steikje paien, oppdaga eg sjølvsagt at eg hadde gløymt å slå på omnen. Det tek si tid å varme han opp til to hundre celsiusgrader, så då var det berre å vente. Omsider fekk eg no sett inn paiforma på ei steikjeplate nedst i omnen, og det tok ikkje lang tid før den herlege dufta lokka mamma ut på kjøkkenet. Etter tjue minutt såg eg at paien var blitt fin og gyllen, så då tok eg han ut og serverte han med herleg vaniljesaus til.