Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Instruksjon  >  6. Å gi og følgje instruksjonar

6. Å gi og følgje instruksjonar


Oppvarming:
  • Bli einige om kva desse omgrepa betyr: venstre, høgre, loddrett, vassrett, trekant, vinkel, rettvinkla trekant, firkant, mangekant, sirkel, oval, halvsirkel.

 
Mål med aktiviteten: Du skal trene på å gi og følgje ein instruksjon.
  • De treng to like utgåver av hjelpearket. Bestem kven som skal instruere, og kven som skal følgje instruksjonane.
  • Set dykk slik at de ikkje ser arket til den andre.
  • Instruktøren set eit kryss i to eller tre av felta på sitt ark. Instruktøren skal forklare den andre i kva for felt kryssa er plasserte.
  • Den som prøver å finne ut kvar kryssa er, kan stille oppklarande spørsmål undervegs, men arka skal heile tida haldast skjulte.
  • Samanlikn arka til slutt.
  • Byt roller.