5. Å følgje instruksjonar
Oppvarming:
Diskuter og skriv stikkord:
- I kva for samanhengar må du lese instruksjonar?
- Når er det spesielt viktig å lese instruksjonane nøye?
- Kva skal ein instruksjon innehalde?
Mål med aktiviteten: Du skal få trening i å følgje ein instruksjon.
Lag ein vulkan
Utstyr:
- ei bytte med våt sand
- eit glas
- eddik
- bakepulver
- litermål
- raud konditorfarge
Dette gjer du:
- Form ei grop i sanden og set glaset nedi.
- Form sanden som ein vulkan rundt glaset. Sanden skal nå opp til kanten.
- Ha to–tre matskeier bakepulver i glaset.
- Bland ca. 1 dl eddik med 10–20 dropar raud konditorfarge og hell ca. halvparten av blandinga i glaset.
- Når det første utbrotet har gitt seg, kan du helle på litt meir eddikblanding.