Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Instruksjon  >  2. Lag oppskrift I

2. Lag oppskrift I


Oppvarming:

Les eller lytt til oppskrifta på Wonka-Vips.
Media

Tenk deg at det finst leksepulver og lærepiller. Pillene og pulveret er i ulike variantar. Idémyldre saman:
  • Korleis fungerer pillene og pulveret?
  • Kva skal leksepillene hjelpe deg med? Lese, skrive, rekne, hugse …
  • Kor mange piller må ein ta for at dei skal verke?
  • Kven treng medikamenta, og kvifor? Gløymer alltid … Får ikkje til … Vil ikkje …
  • Kva for ingrediensar treng du for å lage pillene?
  • Korleis skal dei lagast til? Koke, steikje, varme opp eller berre røre saman?
  • Kva for farge og form skal pillene ha?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne lage ei oppskrift med oversikt over ingredienser og framgangsmåte.

Oppskrift på lærepiller og leksepulver
Vel anten lærepiller eller leksepulver. Lag ei oppskrift med framgangsmåte.

Runde 1: Set opp ei liste over minst ti ingrediensar.
Trekk ordkort for å avgjere minst fire av dei – for eksempel griseføter.
Kort: Klikk for å trekkje


Runde 2: Kast to terningar for kvar av ingrediensane for å avgjere mengda.
Dersom terningane for eksempel viser 2 og 3, blir det 5 griseføter.
Terningar: Klikk for å kaste


Runde 3: Kast to terningar for å bestemme måleininga for kvar ingrediens.
Dersom terningane for eksempel viser 2 og 5, blir det 7 tonn griseføter.
Terningar: Klikk for å kaste


Runde 4: Skriv framgangsmåte.
Bruk gjerne ordbanken under.

Runde 5: Skriv ferdig brukarrettleiinga til produktet:

Brukarrettleiing for _________________________________________
Verknad: _________________________________________________
Dosering: _________________________________________________
Mogelege biverknader: _______________________________________
Varigheit: _________________________________________________


Ordbank:
ingrediensar, kokepunkt, måleiningar, koke, steikje, fordampe, grille, knekkje, fritere, dele, mose, skrelle, sikte, vege, måle, sile, skilje, helle, blande, røre saman, stivpiske …