3. Rekkjefølgje i instruksjonar
Oppvarming:
Tenk deg at du skal forklare vanlege gjeremål for ein marsbuar som ikkje har peiling på det du snakkar om. Gi enkle instruksjonar, steg for steg:
- smørje matpakke
- sende SMS
- pusse tenner
- sykle
- …
Mål med aktiviteten: Du skal vite at i ein instruksjon er rekkjefølgja på beskjedane viktig.
Utstyr:
feiekost og feiebrett
Slik feiar du golvet
Punkta i oppskrifta på korleis ein feiar golvet, står hulter til bulter. Skriv nummer framfor punkta slik at instruksjonen gir meining:
_______ Tøm det i søppeldunken.
_______ Fei støvet saman i ein haug.
_______ Legg på teppe.
_______ Finn fram kost og brett.
_______ Ta vekk teppe.
_______ Plukk vekk støv og skit frå kosten.
_______ Fei frå veggen og inn mot midten av golvet.
_______ Fei støvet opp på brettet.
Fei golvet
Jobb saman to og to. Instruer kvarandre etter tur. Er de einige om rekkjefølgja i instruksjonen?