Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Instruksjon  >  1. Beskrivingar

1. Beskrivingar


Oppvarming:
  • Utstyr:
    • dobbelt sett av nokre vanlege gjenstandar som saks, papir, blyant, terning eller liknande
    • to esker, for eksempel lokk til kopiarkboksar
  • Den eine (A) plasserer gjenstandane i boksen utan at den andre (B) ser. A instruerer slik at B kan plassere gjenstandane heilt likt i sin boks.
    • Byt oppgåve.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne gi og forstå nøyaktige beskrivingar.

Runde 1: Beskriv teikning.
Sit rygg mot rygg.

Person A: Lag ei enkel teikning og beskriv teikninga for person B.
  • Korleis ser elementa på teikninga ut?
  • Kor store er dei?
  • Korleis er dei plasserte i forhold til kvarandre?

Person B: Teikn slik A instruerer.

Runde 2: Samanlikn teikningane.
  • Kva er likt?
  • Kva er ulikt?
  • Kunne noko vore forklart annleis? Korleis?

Runde 3: Byt roller og gjer øvinga på nytt.


Ordbank:
framfor
bak
til høgre
til venstre
ved sida av
over
under
på skrå
diagonalt
rett
bogen
...