Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  14. Kortspelet "Og så..."

14. Kortspelet "Og så..."


Kortspel for to til seks personar.
 
Mål med spelet: Det er om å gjere å lage ei forteljing saman. Vinnaren er den som først blir kvitt sine ordkort.

Slik speler de:
  • Stokk saman ca. 50 ordkort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Del ut fem kort til kvar spelar.
  • Den som sit til venstre for den som delte ut, begynner forteljinga.
  • Spelarane skal etter tur leggje ut ordkort og fortelje delar av den same forteljinga.
  • Den som er først, må lage ei god byrjing.
  • Kvar spelar kan leggje ut eitt, to eller tre ordkort i ein runde.
  • Når det er din tur og du har bestemt deg for kva for eit eller kva for nokre ordkort du vil leggje ut, snur du timeglaset og fortel vidare på forteljinga.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Minst eitt av orda på kvart kort må brukast i forteljinga før timeglaset renn ut.
  • Du må avslutte med å seie «og så …» midt i ei setning, då er det neste spelar sin tur.
  • Dersom du gløymer å seie «og så», må du trekkje eitt kort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Dersom du ikkje blir ferdig å fortelje i tide, må du trekkje eitt kort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Dersom du ikkje finn på noko å seie, kan du seie pass og trekkje to kort.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Når du skal leggje ut det siste kortet ditt, må du klare å avslutte forteljinga innan timeglaset renn ut. Dersom du ikkje klarer det, må du trekkje tre nye kort.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Kort: Klikk for å trekkje
    Kort: Klikk for å trekkje