Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  12. Kronologi

12. Kronologi


Oppvarming:

Set desse setningane i ei rekkjefølgje som får fram poenget i vitsen. Skriv nummer framfor kvar setning.
  • «Ja, men så har eg vore mykje sjuk også, då!»
  • Musa blei litt forfjamsa, men etter at ho hadde fått tenkt seg om, sa ho:
  • Det var ein gong ein elefant som trefte ei mus for aller første gong i heile sitt liv.
  • «Du store min, så lita du er!» sa elefanten til musa.
 
Mål med aktiviteten: Du skal vite korleis forteljingar kan byggjast opp med kronologisk tidsrekkjefølgje eller ha brot i kronologien.

Kronologisk: forteljing med vanleg tidsrekkjefølgje, hendingane blir skildra i den rekkjefølgja dei skjer.
Brot i kronologien: forteljing som ikkje følgjer vanleg tidsrekkjefølgje, forteljaren hoppar fram og tilbake i tid, hendingane blir ikkje skildra i den rekkjefølgja dei skjer.


Runde 1: Les innleiingane.
Forteljinga begynner med begynninga:
For eit år sidan skulle familien min på tur til Danmark. Vi skulle vere borte i to veker og besøkje dei stadene eg hittil berre hadde høyrt andre fortelje om. Tidleg ein fredag morgon var vi klare …

Forteljinga begynner med slutten:
For ein vellykka ferie! Eg gleder meg allereie til i morgon når eg skal treffe vennene mine igjen. Det var godt at vi ikkje drog til Sverige, slik vi eigentleg hadde tenkt. Danmark var derimot …

Forteljinga begynner midt inni handlinga:
«Tar denne køen aldri slutt?» klaga veslesyster mens vi venta på tur ved berg-og-dal-banen …

Runde 2: Kva for ei av disse innleiingane gir dykk mest lyst til å lese vidare? Kvifor?

Runde 3: Skriv om ein ferie.
Kast ein terning for å avgjere korleis forteljinga skal forteljast.
Klikk for å kaste ein terning