Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  11. Oppbygging og spenning

11. Oppbygging og spenning


Oppvarming:
  • Les eller lytt til teksten «Heksa».
    Media
  • Kva slags stemning synest de det er i teksten?
  • Finn ord eller setningar i teksten som skaper denne stemninga.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne byggje opp spenning i forteljingar.

Handlinga i forteljingar følgjer ei spenningskurve. Ei forteljing blir bygd gradvis opp mot eit høgdepunkt der handlinga er mest spennande. Etter høgdepunktet kjem avslutninga, der forteljinga blir runda av. Spenning treng ikkje bety at det er noko skummelt som skjer, men at noko skjer slik at lesaren vil lese vidare.


Runde 1: Les desse smakebitane på forskjellige forteljingar.

A Forsvinning
Det er seint på kvelden og bekmørkt. Dei to bestevennene tek snarvegen gjennom skogen då dei skal heim frå trening. Hovudpersonen spør om noko, men får ikkje svar …

B Ran
Hovudpersonen ser to maskerte personar kome springande ut av hovuddøra til banken. Dei har fleire bereposar med seg. Mora jobbar i denne banken …

C Huset til Hansen
Hovudpersonen går forbi huset til Hansen. Frå vindauga strøymer det eit underleg lys, og ein kan høyre ein skarp lyd …

D Besøk av politiet
Hovudpersonane er komne heim frå skulen. Dei finn huset tomt, men ulåst. Litt etter ringjer politiet på døra…

E Ei tynn, knoklete hand
Hovudpersonane ser skuggen av ei tynn, knoklete hand gjennom dørsprekken. Kvifor skulle dei absolutt bevise at dei torde å gå inn i det heimsøkte huset på haugen …

Runde 2: Vel ein av smakebitane og lag disposisjon til den ferdige forteljinga.
  • Vel eitt av eksempla.
  • Planlegg kva som skal vere høgdepunktet, og kvar det skal kome i forteljinga. Tenk over korleis de kan byggje opp spenninga mot høgdepunktet, og korleis de skal avrunde forteljinga til slutt.
  • Lag disposisjonen til den forteljinga de skal skrive. Skriv stikkord til kva som skal med i innleiinga, hovuddelen og avslutninga.