Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  9. Synsvinklar II

9. Synsvinklar II


Oppvarming:
  • Studer biletet. Du finn også biletet på side 52 i Staskassa. Ressursbok for læraren.
    Klikk for større bilete

  • Kven trur de tenkjer desse tankane?
    • Han er ikkje verdas modigaste til å ta sprøyter heller …
    • Eg er ikkje verdas modigaste til å ta sprøyter heller …
    • Ho begynner med den første i køen.
    • Eg begynner med den første i køen.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne fortelje i både 1. og 3. person.

Ei forteljing kan opplevast og forteljast frå ulike synsvinklar.


1. person: Eg
3. person: Han, ho, den eller det

Runde 1: Finn namn til alle personane på biletet.

Runde 2: Bruk fantasien og skriv kva dei ulike personane tenkjer.

Runde 3: Lag ei kort forteljing om det som skjer. Fortel i 3. person.

Runde 4: Vel ein person og la personen fortelje si historie. Fortel i 1. person.