Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  8. Synsvinklar I

8. Synsvinklar I


Oppvarming:
  • Les eller lytt til diktet «Uimotståeleg» av Marit Tusvik.
    Media
  • Kva skjer i diktet?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne fortelje ei historie frå ulike synsvinklar.

De skal lage ei munnleg forteljing ut frå diktet. De skal fortelje om den same hendinga sett frå ulike synsvinklar.

Runde 1: Vel ein synsvinkel, noter stikkord og fortel kva som skjedde.
  • Du er eit av barna som opplevde dette
  • Du er ein storebror som såg det heile
  • Du er forelder til eit av barna
  • Du er ein av dei vaksne som alltid åtvara mot dette
  • Du er ein tilfeldig forbipasserande
  • Du er rekkverket
  • Du er ein journalist som presenterer eit nyheitsinnslag om hendinga

Gi ei levande skildring. Få med korleis det heile begynte, og korleis det enda. Hugs å fortelje i eg-form.

Runde 2: Fortel for kvarandre.