Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  6. Konflikt I

6. Konflikt I


Oppvarming:
  • Fortel kvarandre om gode forteljingar de har lese. Forklar kva de synest er spesielt bra med dei, og kva som gjer dei spennande og morosame å lese.
 

Mål med aktiviteten: Du skal vite kva ein konflikt i ei forteljing er, og kunne lage forteljingar med konflikt.

Ei forteljing skal vere spennande. Det skal skje noko som er annleis enn det vanlege. Forteljinga treng ikkje vere skummel for å vere spennande, men det må skje noko. Hovudpersonen i forteljinga må ha eit slags problem – ein konflikt. Forteljinga handlar om korleis det går med denne konflikten. Hovudpersonen kan for eksempel ønskje seg noko, prøve på noko vanskeleg eller vere redd for noko.


Bestem konflikten i nokre forteljingar og lag korte samandrag.
Byt på å trekkje konfliktkort og fortelje om dei.
  • Trekk eit konfliktkort og les det som står på kortet, høgt.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Finn på og fortel kva som skjer. De kan for eksempel seie noko om kvar det skjer, kva hovudpersonen heiter, kva konflikten eigentleg er, og korleis det går til slutt.
Gjenta punkta til de har fortalt om tre–fem ulike forteljingar kvar.

Diskuter dei ulike forteljingane:
  • Kva for ein konflikt likte de best?
  • Kva for ei av forteljingane kunne de tenkje dykk å dikte vidare på?