Mål med aktiviteten: Du skal kunne planleggje ei forteljing ved å lage ein disposisjon.
Korleis kan du planleggje ei forteljing?
Du begynner med å tenkje over og avgjere kven det skal handle om, kva som skal skje, og så vidare:
- Kva slags stemning skal forteljinga ha, kva slags type forteljing skal det vere?
- Kven skal det handle om?
- Kvar og når skal dette skje?
- Kva er konflikten? Kva skal skje?
- Korleis skal det gå til slutt?
Korleis kan du lage ein disposisjon til ei forteljing?
Bestem rekkjefølgja. Hugs at du skal skape spenning i teksten – lesaren skal ikkje vite allereie i innleiinga korleis det kjem til å ende.
- Kva skal forteljast i innleiinga?
- Kva skal skje i hovuddelen?
- Kva skal avslørast først i avslutninga? Korleis skal du runde av forteljinga?
Runde 1: Planlegg ei forteljing.
Kast terning fleire gonger for å avgjere:
- Stemninga:
- Hovudpersonen:
- Tid og stad for forteljinga:
- Trekk tre konfliktkort, og vel kva for eit de vil bruke.
- Korleis skal det gå til slutt? Skriv stikkord.
Runde 2: Lag disposisjonen til forteljinga.
Bruk punkta frå oppgåva over og bestem kva du skal fortelje, og i kva rekkjefølgje. Skriv stikkord.
- Kva skal forteljast i innleiinga?
- Kva skal skje i hovuddelen?
- Kva skal avslørast først i avslutninga? Korleis skal du runde av forteljinga?