Mål med aktiviteten: Du skal kunne lage ei avslutning til ei forteljing.
Runde 1: Les forteljingsskissene nedanfor og vel kva for ei forteljing de skal utvide og avslutte.
A Fanga i ei framand verd
Hovudpersonen finn inngangen til ei ukjend og magisk verd og opplever mange farar når han eller ho prøver å finne ut korleis han eller ho skal kome seg heim igjen.
B Verdas undergang
Handlinga er lagd til framtida. Hovudpersonen må finne ut korleis ei teknisk innretning fungerer, før ho øydelegg heile planeten hovudpersonen bur på.
C Forelska:
Hovudpersonane er forelska i same person og innleier eit kappløp om å vinne han eller henne.
D Møte med det ukjende
Handlinga er lagd til ein gammal skulebygning der det har skjedd uforklarlege ting i gymsalen på nattetid. Hovudpersonen og vennene hans eller hennar bestemmer seg for å oppklare mysteriet, men det blir skumlare enn dei hadde rekna med.
E Syndebukken
Hovudpersonen får skulda for noko han eller ho ikkje har gjort, og må prøve å reinvaske seg.
Runde 2: Kast ein terning for å avgjere kva type avslutning forteljinga skal ha:
Runde 3: Skriv avslutninga til det teksteksempelet de valde.
Før de skriv avslutninga, må de bestemme dykk for korleis hovudpersonen og miljøet er, og tenkje ut nokre detaljar rundt det som har skjedd så langt.
Dersom de for eksempel skal skrive ei avslutning til C, kan de bestemme at hovudpersonane heiter Gro og Hannah, at dei går i same klasse og har vore bestevenner lenge, at guten dei begge er forelska i, heiter Arne, men at han førebels ikkje er interessert i nokon av dei. De treng ikkje å skrive alle opplysningane, men de må ha tenkt igjennom handlinga før de skriv avslutninga.